Muntlig høring til Folkehelsemeldingen

I dag deltok flere Unio forbund på muntlig høring på Stortinget om Folkehelsemeldinga. Kort og konsist innlegg på 3 min og 1 min til spørsmål.

Innlegget:

Munnleg innspel Folkehelsemeldinga Meld. St. 15(2022-2023)                                                 

Norsk Tannpleierforening, NTpF takkar for moglegheita til å koma med munnleg innspel til  Folkehelsemeldinga. 

Regjeringa vil prioritera folkehelsearbeid og innsats mot sosiale forskjellar. Tid med avgrensa tilgang av helsepersonell, gir insitament til nytenking. Nytenking om ei dreiing av auka satsinga mot sjukdomsførebygging og helsefremming slik Folkehelsemeldinga legg opp til, og som Tannpleierforeininga forventar blir omsett frå politikk til praktisk handling.   

I dag har folket erfaring med tannhelsetenesta og øvre helseteneste som reperasjonstenester med individuelle tiltak, og med sjukdomsfokus og behandling som svar på helseutfordringar. Det står i kontrast til ei berekraftig helseteneste som skal skapa helse. 

Tannpleierforeininga meinar folket skal kjenna igjen helsetenesta som teneste som har målsetting om å dempa behov for behandling.  1) meistring 2)samhandling og 3)helsekompetanse, er viktige omgrep. Vi må leggja til rette for eit samfunn som hentar fram ressursen hos den enkelte ved å involvera enkeltindivid i å ivareta eiga helse utifrå evner og behov. Meistringsevnen gir økt styrke til å kunna leva med dei livsutfordringar kvardagen gir og som viktig satsing i å utjamne sosiale forskjellar.  

Samhandling og koordinert handling mellom helsetenestene og anna teneste er nødvendig ved utvikling og endring. 

Folket må forstå aktuell helseinformasjon for å kunna ta informerte val. Styrking av folk sin helsekompetanse, er viktig satsingsområde i samfunn med mange kanalar for påverking.  

Tannhelse er del av dei ikkje-smittsame sjukdommane (NCD) . Vi veit at risikofaktorane som sukkerinntak, dårleg munnhygiene, avgrensa fysisk aktivitet og tobakk i stor grad kan påverkast både gjennom individuelle og strukturelle tiltak. Forsking visar at tannhelse og den generelle helsa påverkar kvarandre gjensidig, og at dei fleste sjukdommar i munnen f eks som karies og tannløysing (periodontitt), kan førebyggast.  

Auka ressursbruk på helsefremming og førebygging, krev også endra kunnskapsfokus hos helsepersonell. Kunnskapen må rettast meir mot kommunikasjon, samhandling,( læring motivasjon, tiltak som fremmar helsa og førebygg sjukdom.) helsefremming og førebygging. Tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag dei siste førti åra er å prioritera førebygging. Det samfunnsoppdraget kan først få nødvendig merksemd når kompetansen er i tenesta og i leiinga.   

Tannpleierforeininga  meiner at  forskjellen mellom sjukdomsførebygging og helsefremming burde kome tydlegare fram i meldinga og med forståing av at dei utfyller kvarandre.  Ved førebygging kan pasienten bli passivisert fordi helsepersonell er eksperten og presenterer løysingar, medan pasienten sine eigne ressursar aktiviserast, ved helsefremming. 

Tiltak for å betra folkehelsa må skapast av dei det gjeld både som enkeltindivid og i samfunn, men myndigheitene må ta ei tydeleg rolle i å leggja til rette for det.  

Andre innlegg

Fredag 24. november avholdt NTpF avd. Agder årsmøte og julebord i Dyreparken. 14 glade, festpyntede og forventningsfulle tannpleiere møtte opp
Norsk Tannpleierforening signerte i dag avtale om dobbeltmedlemskap med Forskerforbundet. Leder i NTpF, Ann-Elin Instebø og generalsekretær i Forskerforbundet, Birgitte
I dag startet forhandlingene om Hovedavtalen i KS. Unio, YS, LO og Akademikerne møtte KS, og de presenterte alle sine