Tannpleierforeningen gir innspill til regjeringspartiene

Norsk Tannpleierforening sendte dette innspillet til helsepolitiske talspersoner i Ap, SP og SV i går.

Norsk Tannpleierforeining, NTpF ser fram til ein total gjennomgang av tannhelsefeltet, og resultat frå arbeidet i Tannhelseutvalget. Utvalet har fått bredt mandat, og foreininga ser at det helsefremmande og førebyggjande arbeidet har fått merksemd og som vil sikra ei meir berekraftig tannhelseteneste.
NTpF har tidlegare gitt politiske signal om viktigheita av at etablert, god munnhelse hos ungdom må sikrast vidareført ved overgang til å bli betalande pasient. Difor har Tannpleierforeininga ved ulike høve uttalt at denne pasientgruppa bør få tilbod om undersøking og veiledning.


I Statsbudsjett for 2023 utvidar regjeringa refusjonsordninga med 50% stønad til tannbehandling for aldersgruppa 23-26 år. Tiltaket gir fylkeskommunen store utfordringar i forhold til kapasitet når tiltaket kjem i tillegg til tidlegare, tilført oppgåve med tilbod for 21-22 åringane.


For at ordninga skal kunna bli gjennomført, foreslår NTpF at det blir tilført eit midlertidig, ekstra punkt i folketrygda si stønadsordning. NTpF meinar at den private tannhelsetenesta i denne vanskelege situasjonen kan vera ein viktig og midlertidig del og føresetnad, for å kunna oppfylla regjeringa si satsing på tannbehandling overfor nye aldersgrupper.

Venleg helsing
Hilde Aga
Leiar Norsk Tannpleierforening

Politisk arbeid - Tannpleierforeningen

Andre innlegg