Sommerhilsen til lokallederene

Fortsatt god sommar til lokalledarane!

Ei sommarhelsing med oppdatering frå oss Gry, Linda og meg, kva det blir jobba med i foreininga for tida!

Heldigvis er det ein meir roleg sommar for både dykk og oss, samanlikna med sommaren 2021. Då var det mykje som skulle på plass på kort tid, og saka viste kor viktige lokalavdlingane er for Tannpleierforeininga når viktige saker skal behandlast. Avdelingane er viktig «stamme» i foreininga, og takk til dykk som har tatt ansvar for å leda aveldinga i ditt fylke!

I alle fylka, i den offentlege tannhelsetenesta er det tannpleiarar som no er hovedtillitsvalt, HTV. Det er bra for yrkesgruppa. NTpF ser fram til å få på plass ein samarbeidsarena for ledarar av lokalavd og HTV i fylka, og saka blir sett nærmare på etter sommarferien. NTpF sine 2 rådgivande tannpleiarar, har stort fokus på opplæring av HTV, svarar på mail frå tannpleiarar tilsett i privat teneste og meir. Har de spørsmål når det gjeld arbeidlivspørsmål, kan de kontakta Jonill eller Ann Elin.

Det er fortsett stort fokus på medlemssystemet som er sentralt i alt arbeid med drift av Norsk Tannpleiarforeining. Det har vore vanskeleg og tidkrevjande sak, spesielt for Linda. Den har skapt mange og unødige utfordringar for foreininga, og også for medlemmene. Det er beklageleg.

Ny webside blir lansert i løpet av sommaren, det blir bra.

Snart er det internasjonalt møte og symposiet i Dublin. Anne Mai og eg er representert i generalforsamlinga som er i forkant av symposiet, den 8. og 9. aug. Der vil delta ca 20 tannpleiarar frå Norge-hyggjeleg.  I september, fredag og laurdag 16. og 17.,  er NTpF vertskap for generalforsamlinga i EDHF og det kjem tannpleiarar frå 24 europeiske land til Oslo den helga.

Tannpleierforeininga har hatt «kontor» i NTpF si leiligheit så langt etter overgang Unio, difor har vi stort sett fortset med heimekontor. Frå 1. sept får vi leiga mtd kontor hos Unio i Stortingsgata og vi kan jobba meir fysisk saman. Det blir bra. 

Våren 2023 er det val av nytt styre i NTpF. Det er viktig sak de blir informert om frå valkomiteen, og at de lokalt engasjerer dykk. 

Elles er vi representert i ulike arbeidsgrupper som:

  • Retningslinjer for TOO-arbeidet
  • Bo-trygt hjemme reformen
  • CORAL-prosjektet
  • IA- avtalen; Unio
  • E-læring i regi av Arbeidstilsynet, fokus arbeidsmiljø
  • Regjeringsoppnemnt utval som skal gjennomgå tannhelsefeltet. NTpF er invitert med representant. 

Fortsatt god sommar og fridagar får oss, og så sees vi til møte i løpet av hausten. De får nærmare informasjon.

Sommarhelsing frå Gry, Linda og Hilde!

Andre innlegg

Hovedorganisasjonen Unio arrangerte for første gang en egen klimakonferanse torsdag 11. april. Her kunne du møte politikere, partene i arbeidslivet,