Det er fint at Ekko og P2 i dag kl 9.03 har fokus på tenner og munnhelse, og eg visar til mail under.
Tannlegeforeningen er inviter med representant i programmet. Tannlegen er viktig og tannlegen skal vera den erfarne tannbehandlaren som reparerer tennene. Tannpleiaren forebygger for å redusera behov for behandling https://tannpleierforeningen.no/
Pasienten kan med relativt enkle midler unngå å få problem med tennene. God dialog mellom tannpleier og foresatte og barn, seinare ungdom og den voksne pasienten, er svaret på betre munnhelse i folket. Med individulle tiltak saman med strukturelle tiltak f eks sukkeravgift som nemnt i programmet, vil samfunn og individ dra i same retning. Norsk Tannpleierforening sine medlemmer, tannpleiaren, har fremming av munnhelsa og førebygging av problem i munnen, som hovudfokus i sin bachelor utdanning.
Det er ca 12oo tannpleiarar i Norge til forskjell frå Sverige som har ca 5000 tannpleiarar. Tannlegen har og har fått, stort fokus i Norge til forskjell til vårt naboland. Heldigvis ser politikarane at ei bærekraftig tannhelseteneste, må forebygging få større fokus enn tilfelle har er i dag. Det må på plass kompetaneforskyving og tannpleiaren er yrkesgruppe det må utdannast fleire av.
Altså, tannlegen med sin mastergrad har fokus reparasjon. Tannpleiaren med sin bachelorbakgrunn har fokus korleis unngå tannbehandling. Tannpleiaren jobbar på tannklinikk og er i all offentleg tannhelseteneste, den behandlar pasienten vanlegvis møter ved første besøk. Ved behov for behandling, blir pasienten henvist vidare til tannlege. Tannpleiaren samarbeide i stor grad med andre yrkesgrupper mot helsestasjon, barnehage, skule, heimesjukepleie og meir.
Norsk Tannpleierforening ser fram til at NRK kontaktar yrkesgruppa eller Norsk Tannpleierforening: Norsk Tannpleierforening post@tannpleier.no
når aktuelle tema på området munnhelse, blir tatt opp. Kanskje tema som i større grad enn tilfellet var i dette programmet fokuserar på tiltak pasienten sjølv kan gjera for å ta vare på sine tenner. Forslag til tema er: Program med tema barn og ungdom og munnhelse der helsesykepleier saman med tannpleier, møter folket.
Korleis redusera behov for behandling hos den eldre pasienten. Den syke, eldre pasienten er ofte i en situasjon der behandling ikkje lar seg gjennomføra. Difor ekstra viktig med fokus korleis skal vi redusera behov for behandling. Det er ein mengde av tema på området munnhelse som Tannpleierforeininga ser fram til at NRK tar opp i sin flotte kanal P2, men i Ekko i dag er ikkje tannpleiaren nemnt som viktig og kunnskapsrik yrkesgruppe i arbeidet med «-best mulig måte å ta vare på tennene-«,
Velkommen til å ta kontakt med Norsk Tannpleierforeining!
Venleg helsing
Hilde Aga
Ledar Norsk Tannpleierforening