Styremøte i Unio denne veka med styreseminar, og styremøte i NTpF sist veke.
Den kjente og tidlegare NRK journalisten Magnus Takvam, såg Unio frå utsida og det utfordringsbildet Unio står i med enkelte forbund som kan ha motstridande interesser. Det er viktig at Unio synleggjer seg på områder i samfunnspolitikk og tariffpolitikk der vi står felles. Samfunnsverdien av satsing på utdanning og kompetanse, må bli områder med styrka fokus framover.
Styremøte i NTpF sist veke, var det siste fysiske styremøtet for noverande styre. Det kjentest noko vedmodig. På møtet utarbeida vi utkast til Prinsipprogram 2023-2027 som skal behandlast på landsmøtet. Sak om utvikling av god yrkesetikk er prosess som NTpF har byrja jobba med. Medlemmene blir etter kvart involvert i arbeidet, for prosessen er her vel så viktig som produktet. Korleis kan NTpF betre ta i vare studentmedlemmane, var også eit av punkta på agendaen.