Møte på Stortinget med Marian Hussein (SV)

Tirsdag 21.02.23 hadde Norsk Tannpleierforening representert ved leder Hilde Aga og fagansvarlig Gry Jakhelln møte med stortingsrepresentant Marian Hussein (SV) medlem av helse og omsorgskomiteen.

Dialogen gikk fritt og Tannpleierforeningen leverte følgende notat til Marian i forlengelsen av møtet:

Frå ei sjukdomsfokusert tannhelseteneste til ei helsefokusert teneste – endra personellsamansetjing for å oppfylle WHO sin strategi på munnhelse

Kvifor nytenking i tannhelsetenesta?

  • Helseministeren har signert WHO sin strategi på munnhelse. Den forpliktar. Dei overordna måla er å utvikle ambisiøse, nasjonale tiltak for å fremme munnhelse og redusere sjukdommar og sosiale forskjellar innafor munnhelse, innan 2030. I tillegg er det utvikla handlingsplan og rammeverk for å kunna spore framgang. WHO visar og til den ekstra miljøbelastning det blir når der et behov for tannbehandling.

Skal tannhelsetenesta kunna møta si forplikting overfor WHO, må det først på plass ei forskyving av personell samansetting frå behandlings kompetanse til kompetanse på helsefremming, førebygging, samhandling, kommunikasjon.  Norge må endra utdanningsbilde som i 2020 var ca. 260 nyutdanna tannlegar og ca. 80 tannpleiarar.

Dette synet er støtta av WHO. I november 2022, kom WHO med globale oral helsestatus rapport som peikar på at mange land i for stor grad har utdanna tannlegar og i for liten grad har utnytta resursane i andre tannhelsepersonellgrupper. Ved å bruke heile tannhelseteamet i større grad i planlegging, utdanning og utvikling av i munnhelsetiltak, vil ein oppnå større kost-nytte verdi og kvalitet i tannhelsetenesta.

WHO understrekar også viktigheita av å styrke nasjonale myndigheiter sin politikk, kompetanse og personell på administrativt nivå. Pr i dag er det tannlegar som er tannhelsesjefar, og i Helsedirektoratet f.eks er det berre tannlegefagleg kompetanse. Det fører til at behandling blir vektlagt. Det trass i at det er understreka i dei årlege overføringar over statsbudsjett til vidareutdanning for tannpleiarar, viktigheita av meir kompetanse i fylka på helsefremming og førebygging.  Kompetansen hos leiarar, er førande for handling.

  • Helsepersonellkommisjonen seier: «Helhetlig tilbud med flere brukere og færre ansatte.» Det blir ingen vesentleg auke i vekst av tilsette i helsesektoren i åra framover. Desse føringane gjer at tannhelsetenesta må tenkje nytt. Ein viktig del av svaret er å bruka potensialet i den enkelte, styrka folket sin meistringsevne på helse i tillegg til andre tiltak, og skapa eit friskare folk. Då kan vi oppnå ei berekraftig helse- og tannhelseteneste som vil redusera belastninga både for individ og samfunn.

Dårleg munnhelse fører til store samfunnsøkonomiske utgifter

Orale sjukdommar kan i stor grad forebyggast eller krev minimale tiltak ved  tidleg oppdaging. Hovudfokuset for munnhelsepersonell bør difor vere å fremme kunnskapsbasert forebyggande tiltak, i tillegg til å støtte pasientar i effektiv eigenomsorg. Munnhelsepersonell skal væra talspersonar for politikk som fremmer befolkninga si orale helse. Redusert behandlingsbehov gir økonomisk gevinst både for den enkelte og for samfunnet som heilheit.

Tannpleiaren si yrkesutøving: 
Tannpleiarane arbeider i 1. linje tenesta og er nøkkelpersonell i det helsefremming og førebygging arbeidet i tannhelsetenesta. Tannpleiaren samarbeider med pasienten, veileidar og motiverer til eigen meistring, undersøke tenner, stille diagnose, gir rens, 
henviser evt. vidare. God dialog med barn og unge, gir også grunnlag for å unngå angst for tannbehandling på sikt.  Ei sentral oppgåve i tannpleiaren si yrkesutøving, er samhandling på tvers av tenester og forvaltningsnivå.

Orda meistring og brukarmedverking i bruk av prioriteringskriteria, vil styrka det førebyggjande området med bakgrunn i det som er vist til. Ved å inkludere meistring, blir brukaren si stemme viktig, både i utvikling av tenesta og i møte mellom den enkelte brukar og tannhelsepersonell.  

Helsing

Norsk Tannpleierforening

Hilde Aga, leiar

Gry Jakhelln, fagansvarleg

Andre innlegg

Norsk Tannpleierforening vil fra 2025 dele ut en ny pris - Tannpleierprisen. Vi oppfordrer alle til å nominere kandidater til
Den 18. november markerer vi Likelønnsdagen som et symbol på at fra denne dagen jobber alle kvinner i Norge gratis.
Du får som medlem i Norsk Tannpleierforening flere medlemsfordeler, også gjennom hovedorganisasjonen Unio. Her finner du oversikt over fordelene ved